tirsdag 15. april 2008

Vi syng for Storegut


I dag er det bursdagen til den største guten vår. Det er no 11 år sidan eg skulle på overtidskontroll i Volda, men vakna i 5-tida av at fødselen var i gang på normal måte. Den fødselen var ein "højdare" i min karriere som fødande; klokka 15.45 var han ute, og då utbraut eg: "dette kunne eg ha gjort kvar veke!" Ein time seinare sat eg på barselavdelinga og las til storesystera. Etter eit døgn vart eg bekymra fordi eg ikkje fekk i han mat, og fordi han verka så slapp og inntørka. Nokre av barnepleiarane tykte eg var hysterisk, men ei av dei gav meg ei flaske sukkervatn som eg trykte i han. DÅ vakna han. Dama som eg delte rom med, fortalde at ho to år tidlegare hadde opplevd at hennar nyfødde vart svakare og svakare og deretter døydde, berre nokre dagar etter fødselen. Ho må ha hatt det forferdeleg når eg vimsa rundt og kakla om kor bekymra eg var. Seinare vart han ein utruleg grei baby, som åt, sov og smilte. Latteren hans blir enno hugsa i det gamle nabolaget vårt i Ulsteinvik, der han var kjend som "kaptein Satan". Eg ser han føre meg der han dilta etter systera og venninnene hennar - alltid med ein smokk i munnen - og hugsar at eg kjøpte han action man-figurar og Ken-dokker så han skulle kunne delta i Barbieleiken. Som 11-åring er han ein aktiv og kjekk kar med mange interesser. Han spelar trombone, fotball og gitar, blant anna. Biletet viser fjorårets bursdag, då han kjøpte seg forsterkar og fekk låne gitaren til farfaren. Bursdagspengane rakk òg til nye ski, og på tiårsdagen gjekk vi på ski på Stigedalen. Det gjeld å lage nye, gode minne.

1 kommentar: