fredag 25. april 2008

Gratulasjonar til svigerinne (og hund)


Først vurderte eg ei overskrift som inneheldt "beste svigerinne", men så kom eg på den infame broren min frå barndomen. Eg hadde berre ein bror, medan han hadde to systrer, så alle superlativ vart meir verdt når han brukte dei. Det gjekk opp for meg at eg har berre ei svigerinne, ein bror, ei syster og ein svoger, og dei vil derfor alltid bli "best" på grunn av manglande samanlikningsgrunnlag. Svigerinna har uansett bursdag i dag, og då helsar vi henne om ikkje med meiningslause superlativ, så i alle fall med rosande ord. Ho er ei dame det er umogleg ikkje å like med sitt gjestfrie, rolege og vinnande vesen. Interesseområda er mange, så vi går aldri tomme for samtaletema. Sidan avstanden er stor, blir det ikkje så mange treff i løpet av året. Dei siste åra har vi delvis feriert saman om sommarane, noko i alle fall vi har sett pris på, og no går det heldigvis mot sommar igjen.

Vår nyslåtte champion Bianca er tre år i dag, og ho har feira dagen saman med Bau og meg i skogen. Når eg ser på biletet frå i går, ser eg at mykje av snøen har smelta siste døgnet. Bjørkene har fått blad, kvitveisen bømer og fuglane har eit nesten støyande stress på gang. Eg tvilar på at våren vanlegvis kjem så tidleg, men no har eg i alle fall loggført at på Svigerinna (og Bianca) sin bursdag i 2008 var det mogleg å kjøre bil til den nedste parkeringsplassen i skogsvegen. Kanskje er det minneverdig - kanskje ikkje. I desse klimaendringstider kan det fort bli: I 2008 låg det snø på den øvste parkeringsplassen i skogsvegen...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar