søndag 27. april 2008

Første tur i Brundalen i år!



Laurdagen var temmeleg grå, men søndagen slo til med opplett ver, så då ville vi til "fjells". Eldstejenta var framleis halvsjuk, så ho vart att heime, men vi hine hadde ein fin tur. Ein må framleis vasse litt gjennom snø, men det minkar på den sorten. Gamla gjekk heilt heim med hundane, medan dei andre vart att i dalen ei stund til. I handarbeidsblogg-kretsar omtalar dei ofte noko som heiter "UFO" (noko med "unfinished" å gjere), og her er ein av Gubben sine. Selet i Brundalen stod til nedfalls i mange år, men i løpet av dei siste åra har det fått nytt tak, nytt vindauge og ny bordkledning på tre veggar. Dei tre nye veggane vart mala raude første mai i fjor - ei symbolsk handling, så og seie.

1 kommentar:

  1. Lars har mange hus å ta vare på!!!!
    Her har folk fare i kvar sine retningar i dag. Eg har vore heime. med godt samvit etter ei travel veke. 2 vikartimar i Kunst og Handtverk i morgon også.

    SvarSlett