lørdag 5. april 2008

Sprek dame på 85


Eldre menneske opptrer ofte som kritiske til notida og forherligande til fortida. I dag møtte vi ei dame som var forfriskande reflektert. Ho voks opp som eitt av elleve barn, og ho hugsa besteforeldra sine, som altså er mine oldeforeldre. Det var spennande å høyre på slikt som pappa og ho mintest frå oppveksten, og ho hadde ein sjarmerande forteljemåte som bar preg av at skodespel hadde vore ein viktig hobby for henne. Ho verka både fornuftig og open for nye oppfinningar, men den berbare datamaskinen sin nekta ho å bruke til anna enn kabal. Kanskje ho burde ha begynt å blogge?

3 kommentarer:

  1. Dette er tredje gongen eg prøver å legge inn ein kommentar:
    Eg fekk ein sterk lengt mot havet då eg såg bilda av I. i Avløpet. Kanskje fordi eg ikkje kjende vinden på kroppen. For den veit eg er kald.

    SvarSlett
  2. Denne kommentaren skulle sjølvsagt ha stætt under neste bilde. Om 85-åringen er berre å seie at ho er ei flott og oppegåande dame. Det triste er at tvillingsystra ikkje er så heldig.Eg har aldri møtt nokon av dei.

    SvarSlett
  3. Ho skulle brukt datamaskina til historieskriving!.... Viss bloggane vert liggande til evig tid, kan i alle fall etterkomarane våre få vite litt om våre liv. Tenk berre på alle bilde vi tek no samanlikna med før!

    SvarSlett