onsdag 25. juni 2008

Kjensla av at det enten regnar eller er plagsomt mykje knott ute


Dagen i dag var temmeleg variert, må eg seie. Minstemann hadde time på helsestasjonen igjen fordi han verken såg eller hinka sist han var der, så då nytta vi høvet til å handle litt, dra opp på jobb for å levere papir og lese eksamenssvar og besøke Besta og Besten. Der var Hareidsgjengen innom for å hente Nevø nummer 2 (sjå biletet som eg rappa frå ein annan blogg), som kjørte opp og fekk sertifikatet i dag. Som vanleg fekk vi nok av både middag og diverse. Vel heime kasta eg meg over plenklipparen og la bak meg nokre tusen skritt bakom og oppom huset. Håpet er at det er opplett i morgon så eg får ta eit par plenar til før regnet tek til att. Eigentleg likar eg hagearbeid, men med knott og regn blir det berre stress og styr. Då armen ikkje tolte meir kroppsarbeid, sette eg meg til med ein episode eller to av "Forsytesagaen". Elles kan eg nemne at Minstemann såg som ei ørn i dag, men han nekta å hinke.

1 kommentar:

  1. Audun var heilt gåen etter oppkøyringa, og ville ikkje køyre heim att. No har han hatt seg eit par små køyreturar. I morgon får hen køyre til trening. Det vert mindre Høddhenting på oss.

    SvarSlett