tirsdag 10. juni 2008

Shopaholic and Baby


Bok nummer 17 vart ferdiglesen seint i går kveld, og no er det slutt på forteljinga om Becky - ei dame som får dei fleste andre til å verke rasjonelle og økonomiske. I denne boka er, som tittelen røper, Becky gravid. Dette betyr nok ein grunn til å shoppe. Ein treng faktisk fem barnevogner i Rebecca Bloomwoods verd - ja ein treng til og med eit eige barnevognsrom i huset! Og så må ein gå til den fødselslegen som alle kjendismodellane går til - problemet er berre at denne legen er ex-en til mannen i Beckys liv, og dei begynner å møte kvarandre og tekste med kvarandre... Ok så er dette ein smule trivielt, men deilig avslappande. Eg har to Kinsellabøker til liggande, men no skal eg lese noko skikkeleg.

2 kommentarer:

  1. Så lenge du les bøkene på engelsk, får det passere, men det høyrest unektelig litt trivielt ut,ja.Men den tid eg jobba såg eg dumme amerikanske TV-seriar etter middag for å slappe av. Det gjer eg ikkje no. Eg såg at på ein eller annan kanal sende dei "damefilm " kvar dag klokka 13.....Hallo!!!!
    Ikkje ein gong er sit og ser film på den tida av dagen, men kanskje eg kan ta dei opp på video?For å sjå dei etter midnatt!!!Då er det ikkje fotball!

    SvarSlett
  2. I kveld sit eg og ser Shakespeare på dvd for å slappe av. Ikkje så verst å vere gubbelaus; ein får regjere over fjernkontrollen!

    SvarSlett