mandag 23. juni 2008

Jonsok



Første feriedagen er såvidt overstått. Vi har brukt dagen til å pakke ut, vaske klede, dusje, gå lang tur med to hundar som trivst betre i skogen enn på utstilling og diverse ryddeprosjekt. Så vart det tid for å finne kostyme, og Gubben og dei tre eldste reiste inn på forsamlingshuset for å lage til jonsok (Gubben har ikkje ferie enno, så han var heime i ti minutt før han snudde utatt). Minstemann hadde vore i barnehagen, der dei også hadde kledd seg ut, så han måtte sove middag før han feira vidare. Korpset arrangerte matsal, loddsal og bålbrenning. Mesteparten skjedde inne, for dt var grusomt med knott ute. Nummer 1 arrangerte leikar for småbarna, Nummer 2 (i midten på det øvste biletet) vann pris for beste kostyme og Nummer 3 (til høgre på det nedste biletet) vann ei sjokoladeplate som ho delte med Nummer 4.

4 kommentarer:

  1. Ikkje mykje feiring her, enno i alle fall. Dessutan er vi passelig "lurvete" i utgangspunktet. Synest å dra kjensel på hua til nr 2. Apropos så er dei to unge rett over vegen i Dublin! Såg du bildet som Eidabesta sende av deg? Der ser du vel at det er nr.2 som er mest lik mora si?

    SvarSlett
  2. Synest eg kjenner att vinnarkjolen!

    SvarSlett
  3. Vinnarkjolen er kjend, ja! Og så er det St Patrickhua mi. Der høyrde til eit par halvknuste solbriller til kostymet òg, så han var skikkeleg "fant" (her heiter det "fantetog" og ikkje "lurvetog"). Mange seier Nummer 2 liknar på meg, men den beste kommentaren kom for nokre år sidan, frå storesysta hans: "han * e en ta dissa sju sjeldne". Det er vi i alle fall einige i!

    SvarSlett