tirsdag 17. juni 2008

Null hull og mykje tull

Gubben har tannlegeskrekk. Sjølv er eg ikkje akkurat begeistra for å gå til tannlegen, men eg har eit triks for å gjere det litt kjekkare: Før eg skal til tannlegen tek eg ut 2000 kroner. Viss eg ikkje har hol, betaler eg 600 kroner for sjekk og sliping, og så "løyver" (eller "tener" som Systa ville ha sagt) eg 1400 kroner som eg kan unne meg noko for. I dag fortalde eg tannlegen om dette trikset då han kommenterte at det ikkje var mange kundar som betaler kontant i desse tider. Eg trur han hadde sansen for resonnementet! I morgon skal eg ta meg ei lita shopperunde mellom arbeidsdag og arbeidskveld. Vi skal nemleg ha fest for avgangselevane i morgon kveld, og eg gidd ikkje å stresse med å reise heim og snu att. Då reiser eg heller på Amfi og snur att. Eg har diverse gåvekort som sikkert ikkje står seg så lenge...

2 kommentarer:

  1. Bra triks, så lenge der ER null hull. Hadde ikkje funka så bra for meg sist eg var der.Pappa skal til tannlegen i morgon-han har mist ei plombe! Etterpå skal han på møte i FUM. Skal du feire dagen din ? Vi må få ein sjanse å overlevere presangen din.

    SvarSlett
  2. Viss eg shoppar i Ørsta i morgon, kan eg stikke oppom. Vanskeleg å planlegge, for eg sit i pyntenemnda heilt aleine - fredelege møte, men lite delegering.

    SvarSlett