mandag 9. juni 2008

Gubbe på tur

Gubben ringde frå Oslo for ein halvtime sidan for å seie god natt - han hadde hatt ein roleg kveld og skulle prøve å kvile seg...

Å vere firebarns-aleinemor er ingen spøk; særleg når det er to som skal på fotballtrening, ei som får besøk og ein som sovnar framfor Tv-en. Med litt planlegging og organisering går det som regel bra:
1. Hurtigris er eit must når middagen skal lagast og etast i løpet av ein halvtime
2. Nummer 2 sit på med naboen til fotballtreninga si
3. Nummer 1 avtalar med ei venninne at ho kan besøke henne før treninga slik at ho òg kan sitje på med naboen.
4. Nummer 3 får ikkje dra på besøk, men ha besøk.
5. Når eg skal hente nummer 1 på ferja, skjer eg først opp eit halvt brød så nummer 2, 3 og 4 kan lage seg kveldsmat medan eg er borte. Så går den stunda...
6. Video er òg eit must, for den serien om Tudorfamilien får eg ikkje sett før etter at ungane er sovna - eller før dei står opp i morgon tidleg...
7. Lesing er ein roleg aktivitet. Trippelboka om Ludde bør roe ned nummer 4 så han sovnar att. Kanskje kan eg i tillegg lokke med snop viss han er flink - det fungerte fint før i dag..
8. Søvn er oppskrytt...

3 kommentarer:

  1. Visste ikkje at Gubben var i Oslo? Men kven kan få med seg alt?
    Du får skrike ut om du treng hjelp. Vi er no her.

    SvarSlett
  2. Så flink du er å halde styr på ting medan eg er borte !!!!

    SvarSlett
  3. Ja, skilsmisse blir berre ikkje aktuelt! :-)

    SvarSlett