søndag 8. juni 2008

Barndomsminne


I dag er ei av mine gamle klassevenninner (vi gjekk saman frå 1. - 9.) 40 år. For ei tid sidan fekk eg tilsendt det vedlagde biletet frå ei anna klassevenninne, og det morosame er at akkurat denne bursdagen, truleg 8. juni 1978 eller -79, hugsar eg spesielt godt. Vi vart nemleg skyssa til Hovdevatnet for å bade og grille pølser! Slike hendingar er nesten daglegdags for mine søte små, men for oss var dette stort. Då eg fekk biletet, tok det litt tid før eg fann meg sjølv. Eg kjenner att den gule bikinien, som eg var veldig glad i, men eg har trudd at eg var overvektig i heile min barndom... Uansett: gratulerer til H som er 40, og som eg håpar har det like kjekt på feiringa si som den gongen.

4 kommentarer:

  1. Har du gått og trudd at du var overvektig i barndommen? Det var berre då du var baby at du var "tjukk og god" som legen sa på kontrollen. Seinare var du heilt normal.Eg hugsar godt då du vart invitert til denne feiringa- eit heilt nytt konsept den gongen.

    SvarSlett
  2. Typisk for alle bilde frå 70-talet og der omkring er at dei blir meir eller mindre gulbrune med åra. Kan vere derfor eg ikkje kjende att bikinien din?

    SvarSlett
  3. Ja, eg hugsar den i alle fall godt. Må ha fått den til bursdagen min året før. Den var gul med blomar, gjerde og diverse anna hagerelatert mønster på. I dag er det ikkje bikiniver, akkurat, og det er håpom å få gjort litt inne før gjengen kjem att.

    SvarSlett
  4. Det er slik eg hugsar klassevenninnene dine! Eg hadde nok ikkje kjendt dei att i dag.

    SvarSlett