Læraryrket har ikkje så mange frynsegode, men nokre er det. I dag har eg brukt arbeidsdagen til å gå fjelltur i fineveret. Bau var med og hadde ein kjempefin dag med mange beundrande blikk. Turmålet var Helgehornet; ein overkomeleg tur, sjølv om kondisen ikkje er god og varmen var direkte plagsom. Vel oppe var det nydeleg utsikt både ut mot havet og inn i fjellheimen. Helgehornet var mitt turmål nummer 1 denne sommaren, og no kan eg hake av for "oppdrag utført". Eit anna høgdepunkt var det at nummer 1 hadde teke ein tidleg buss heim frå tentamen og vaska det meste av huset!
fredag 6. juni 2008
Her er sol og glede

Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Eg har vore på Helgehornet tre gonger-minst. Det er ein fin tur, og for meg er det kjekt å tenkje på alle fjella eg har vore på-no kjem eg meg ikkje så langt. Så gå mens de kan!!!
SvarSlett