![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEitM6BZ-jFOpePzo86Ql_bsPDv3g-ikrORsFvCLGDXY1x2iCTO8WE376A5o1iGj7rhQ7aNonpn_HgGi2KIY6xU5aVrFjyLEfGqcC4VIEXqWbr-chZw0BBNoWgU60b-QG4QB5XFDR-n6eMiG/s400/frobenius.jpg)
Somme bøker får ein lyst til å lese, og denne var ei slik. Den hamna i postkassa mi etter at eg i ein svak augneblink på nytt hadde meldt meg inn i Bokklubben Nye Bøker, noko som eigentleg er meiningslaust når ein har eige bibliotek på jobb, og eg gledde meg til å ta fatt. Frobenius skriv godt, og boka er spennande. Eg skulle berre ønske at eg hadde meir førekunnskap om Edgar Allan Poe - det hadde gjeve leseopplevinga ein annan dimensjon.
Eg har ingen kjennskap til denne boka, og heller ikkje til EA Poe. Men eg kjenner til tendensen til å melde seg ut og inn av bokklubbar. Eg var forresten medlem av den første bokklubben i Norge frå første stund, den eksisterer vel enno under namnet Den norske bokklubben? Det som var litt dumt med den var at dei berre gav ut "gamle" bøker.
SvarSlett