onsdag 3. desember 2008

Nok eit sjukt blogginnlegg


Spenninga var stor her i dag: kor mange var sjuke? Eller friske? Gamla drog med seg to halvsjuke ungar som Besta og Besten måtte passe medan ho sjølv først var med frisør og deretter fekk unna noko av julehandelen. Enden på visa vart at nummer 3 fekk bli over hos Besta og Besten til i morgon.

Nummer 2 hadde opna pakken sin lenge før mora stod opp i dag tidleg, så noko bilete av det har eg ikkje. Då eg kom heim, ville eg ta eit bilete av han, men smartingen lokka meg til å betale han 50 kroner for å bli fotografert. I det eg gav han pengane, sa eg: la dette vere den siste gongen du let nokon ta bilete av deg for pengar! Eg hadde nemleg vore med frisør og oppdatert meg på kjendisnytt om Lene Alexandra.

1 kommentar:

  1. Det er bra kjekt når besta sin nattkjole kan brukast til minstejenta!

    SvarSlett