tirsdag 16. desember 2008

Party, party


Etter ein lang dag på jobb var det berre å reise heim, kle seg om og snu attende til Volda. Jobben min har lang tradisjon for noko vi kallar "Vardefest" - ein elevkveld som i mi tid var arrangert i februar, men som no fungerer som juleball. Nytt av året var at vi leigde utestaden "Rokken" til dette føremålet, og vi lærarane stilte som vakter. Sjølv melde eg meg raskt til å stå i garderoben, noko eg såg på som ei klart definert og avgrensa oppgåve. Dessutan fekk vi godt oversyn over dei nydeleg pynta elevane. Programmet bestod av mykje song og dans, og eg håpar at elevane hadde det kjekt. Sjå elles
http://www.volda.vgs.no/volda_vgs/nyheter/vardefesten_2008

3 kommentarer:

  1. Eg hugsar vardefestane på samfunnshuset på 80-talet! Her ute i øyane går det i juleball med ballkjolar og dress! UVS i dag og HUS i morgon.

    SvarSlett
  2. Ballkjolar var det rikeleg av i Volda òg! Og så var det sjølvbruning, hårbleiking m.m. Russen har ein knuteregel om tøflar på Vardefest, men elles gjekk det i høge hælar som etter kvart vart droppa i garderoben fordi dei ikkje kan å gå i slikt. Been there, done that, seier no eg, men sånn fin ballkjole har eg no aldri hatt 8kjem vel neppe til å få heller).

    SvarSlett
  3. Eg hugsar Vardefestane frå mi eiga tid på Eids gymnas. Det hende at veninner vart inviterte til Volda.Det var stort.Det skjedde ikkje med meg!Vi hadde festar på vår skule og,grisefest før jul på Yris hotell t.d.

    SvarSlett