tirsdag 2. desember 2008

Hardt arbeid og mjuk pakke


I dag hadde vi opprydding på jobb. Det er ikkje lenge før dei nye lærararbeidsplassane blir ferdige, etter ein lang, bråkete og støvete prosess. Den gamle naturfagavdelinga er sett av til kontor, og vi har fått ei flott naturfagavdeling i kjellaren, der det i mi tid som gymnasiast var kantine og "elevstove". I dag kasta vi VHS-kassettar, lydkassettar, gamle bøker og gamle papir. Sjølv avvikla eg dessutan historiepermane mine, som var fylte av sirleg handskrivne lysark og dataskrivne notatar frå 1993 - 2003. Etter det har eg ikkje undervist i historie, og i dag tok eg farvel med den delen av karrièren for godt (trur eg).

I familiens adventskalender var det Nummer 3 sin tur å opne, og så viste det seg at ho hadde feber og måtte halde seg heime frå skulen saman med Minstemann, som framleis ikkje var heilt i slag. No lurer Nummer 2 på om han blir sjuk dersom han opnar pakke i morgon...

4 kommentarer:

  1. Typisk ungar å leite etter system! God betring til henne og!
    Som lærar trur ein at ein kan bruke opp att ting, men det går sjeldan, er mi erfaring. Litt "klokare" vert ein og får lyst til å gjere endringar. Godt å få kaste!!

    SvarSlett
  2. Då eg vart pensjonist, tømde eg alle permar og kasta alle notatane frå to års studiar i tillegg til alle papir som hadde med skulen å gjere. Med eitt unntak:Oppskriftene frå skulekjøkkenet. Det var litt hardt å kaste så mykje i papirinnsamlinga, men eg visste at eg aldri meir kom til å sjå etter noko der. Kva har ein Internett til?

    SvarSlett
  3. Ja, det fine med internett, er at ein slepp å ta vare på så mykje av faktastoff og anna. Eg hiv litt kvart år. Eg har fortsatt ein del notat frå lærarhøgskulen, men trur aldri eg har brukt det. Vi skal også få oss nye arbeidrom på skulen. Gler meg til det, for vi har hatt det ganske trangt lenge....

    SvarSlett
  4. No fekk eg inspirasjon; i morgon den dag hiv eg permen med pedagogikk-notatar! Dei har eg ikkje sett på sidan eksamen i 1995!

    SvarSlett