onsdag 17. desember 2008

Regn og ruskevær både her og både der


Det blir få turbilete for tida; vi går rikeleg med tur, men då er det som regel klin mørkt. Søndag var Minstemann og eg i skogen, men då hadde kameraet flatt batteri. I dag var ikkje veret så fint for fotografering, men eg ville berre ha det dokumentert: ja, vi var i skogsvegen. Naboguten var med, og vi kosa oss med peparkaker (aldeles ikkje heimebaka) og drops (som Minstemann fekk i kalenderen i dag). Det regna noko så inn i granskauen, så derfor oppheldt vi oss der - i granskogen, altså.

1 kommentar:

  1. Ut på tur, aldri sur!Med andre ord. Eg likar å vere ute i litt rufsete ver, men i dag vart det berre ein aldri så liten handletur, før det vart heim og finne sofaen igjen.
    Det er stadig nye ting som dukkar opp,som ein MÅ ha. I dag var det juleputer til sofaen.Og kva er det som er att? Jo, dei dyraste - og finaste?

    SvarSlett