søndag 28. desember 2008

Bok 46: "Vente, blinke" av Gunnhild Øyehaug


Forfattaren av denne boka er dotter av to tidlegare kollegaer, og faren er dessutan ein av dei tidlegare norsklærarane mine. Gunnhild har eg derimot aldri møtt, og eg har knapt nok lese noko av henne heller. Denne boka har fått gode kritikkar, og det var med stor glede og forventning at eg kasta meg over den då den kom i postkassa mi ein dag. Og for ein gongs skuld innfridde boka dei forventningane eg hadde på førehand - mykje fordi eg har ei svakheit for bøker og filmar med parallelle historier som delvis vert fletta inn i kvarandre. Kan anbefalast på det varmaste!

4 kommentarer:

  1. Denne står på "ønske å lese"lista mi!

    SvarSlett
  2. Eg har lese ei diktsamling av Gunnhild før, men dikt er liksom ikkje mi greie.Skulle gjerne lese denne boka, men den kjem vel neppe på lydbok. Dei er treige med å gi ut lydbøker på nynorsk, noko som eg har påpeika i diverse mailar til Lydbokforlaget.

    SvarSlett
  3. Eg låner gjerne ut, men noko høgtlesing kjem ikkje på tale...

    SvarSlett
  4. Viss du eig den låner eg gjerne.... Eg har alltid ei papirbok og ei lydbok på gang. No er eg straks heime åleine, så no skal eg lese vidare i Mengele Zoo. Eg har to svinesteiker i omnen som passar seg sjølve.

    SvarSlett