onsdag 22. juli 2009

Berre ball




I dag var dei tre yngste og eg i Ørsta på besøk. Der var også Bror min med familie, og søskenbarna hadde det kjekt ilag - mellom anna hadde Nummer 3 mykje moro med å leike butikk, der ho selde sukkererter og rips. På menyen stod "ball" (raspeball, komle - you name it, I eat it). Ungane fekk valet mellom "ball" og risengrynsgraut, og då valde dei grauten. Ein relativt sløv dag -no skal eg spenne på meg skritt-teljaren og gå ein lang tur. Trur eg.

2 kommentarer:

  1. Eg har sett rekord på den svenske skritteljaren min på kjøpesentra i Ulsteinvik i dag! Ja, pluss litt hagearbeid då. Eg styra i 2 CD-ar utan at det synest noko særleg.
    Sjåast fredag!

    SvarSlett
  2. Har nettopp gått tur: 10700 skritt, og framleis like mett...

    SvarSlett