mandag 21. september 2009

Bok 55 2009: "Alkymisten" av Paulo Coelho

Somme bøker er så omtalte at ein les dei med ei viss ærefrykt. Denne vesle boka er ei slik "oppskrytt" bok, og fleire enn eg har skrive at dei hadde forventa ein tung murstein av ei bok. 4 CD'ar og ei enkel forteljing i eventyrstil var i alle fall ikkje det eg forventa, men det er ei poetisk bok med mykje livsvisdom. Hovudbodskapen er at ein skal følgje si eiga historie; altså klisjéar som å lytte til hjartet sitt, tolke teikna rundt seg og ta dei rette vala. Så enkelt - men likevel så vanskeleg. Ei nydeleg bok som alle burde unne seg å lese.

4 kommentarer:

  1. Eg har lese ei eller fleire bøker av denne forfattaren, og kanskje denne også. Må innrømme at mange av bøkene eg har lese som lydbok, har eg lese i halvsøvne. Det gjer eg ikkje no lenger, høyrer heller om att eit spor eller to.Eg hugsar at denne boka var mykje omtala då ho kom.

    SvarSlett
  2. Eg har ikkje lese boka, men meiner eg har sett filmen for lenge sidan?

    SvarSlett
  3. Eg las denne boka for nokre år sidan, etter at Ole Kristian anbefalte den. Har høyrt den på lydbok seinare for å prøve å forstå alt. Har også lese Zahir av denne forfattaren og har tenkt å lese fleire med tid og stunder.
    Eidabesta

    SvarSlett
  4. Ja, "tid og stunder" må til for å få lese alle gode bøker... Eg trur denne boka er ei slik bok ein burde ha i hylla og drage fram av og til.

    SvarSlett