torsdag 10. september 2009

Get a life...



I ledige stunder, dersom maskina mi virkar, vasar eg med alt mogleg på Facebook. Det er personlegdomstestar, musikknedlasting og all slags vas. Det siste er "Warhol Pop Art", der ein kan lage Warhol-liknande bilete av sine eigne og andre sine bilete.

Er det fleire enn eg som ser det paradoksale i at eg lagar bilete av ho som er på fest i kveld? Det vart no fint, då, men: "Get a life, Gamla!"

PS: eg vasar på Facebook samtidig som eg anten ser på tv eller høyrer på lydbok, så eg kastar ikkje vekk så altfor mykje tid.

2 kommentarer:

  1. Face Book-basillen har ikkje fått taket på meg, enno, men dette såg artig ut.Elles så har eg funne ut at eg konsentrerer med betre om lydbøker viss eg legg kabal på data eller strikkar eller løyser Sudoku eller........Å gjere berre ein ting i gongen er nesten umulig.

    SvarSlett
  2. Lydbøker kan forvandle dei traudigaste gjeremål til kosestunder. For tida slit eg med ein del problem med datamaskinen - igjen - og då er det kjekt å kunne høyre på lydbok medan ein restartar gong på gong...

    SvarSlett