søndag 6. september 2009

Nauta gode neter



















I følge vêrmeldingane skulle det verte ein fin dag i dag òg, og dei tre store og eg hadde tenkt oss på eit fjell eller to. Så begynte det å regne, og det vart temmeleg tett mellom bygene. Alternativet vart å gå ein stad der det var temmeleg flatt, og dessutan skogsveg.

Kilskrossen ligg ikkje så langt frå hovudvegen mellom Straumshamn og Bjørkedalen, og det er ein lett og fin tur å gå. Eit høgdepunkt denne årstida er å plukke hasselneter etter vegen. Og så var det litt morosamt å vere Raudhette(r) og ulven.

Jentene driv og lagar film om turen, så de får sjekke ut bloggane deira utover kvelden.

3 kommentarer:

  1. Med litt omskriving kunne det for eksempel bli:Jegeren, bjørnen og dei tre Rødhettene?

    SvarSlett
  2. Bianca eignar seg dårleg som farleg rovdyr!

    SvarSlett
  3. Kanskje det var ein snill bamse?
    Apropos neter, så har vi ei nauta fine skål å ha dei i.

    SvarSlett