torsdag 15. april 2010

Bok 14 2010: "Presten" av Hanne Ørstavik

Liv er ein 35 år gammal prest som slit med å utføre gjerninga si. Ho har opplevd at ei venninne tok livet av seg, og no skal ho forhalde seg både til eit sjølvmord og eit sjølvmordsforsøk. I tillegg til dette får vi innblikk i forskingsarbeidet hennar om Kautokeinoopprøret. Refleksjonane dreiar seg meir om mangel på språk enn mangel på tru, og det er ein stillferdig og alvorstyngd roman som mest av alt handlar om å fungere saman med andre menneske.

2 kommentarer:

  1. Har lese boka for ganske lenge sidan, men eg må innrømme at eg ikkje har likt HØ sine romanar noko særlig. Burde vel det sidan ho ættar frå Ørsta og eg kjenner nokre av slektningane hennar her.

    SvarSlett
  2. Eg trur og eg har lese denne boka. Eg las fleire av bøkene hennar i strekk. Eg synest det vert mykje "på stedet hvil" i romanane hennar. Ein sit att som eit stort spørsmålsteikn. Kva vil ho med dette? Foe mykje grubling for meg utan at det kjem noko ut av det.

    SvarSlett