søndag 25. april 2010

Gutta (og Gamla) på tur

I dag fann vi oss ein ny skogsveg, og i enden av den fann vi ein badehøl og eit fantastisk utsiktspunkt. Eg veit ikkje kva det heiter der, men vi såg utover havet, mot Ørsta og innover Dalsfjorden. Vi hadde ikkje med oss niste e.l., men Minstemann hadde med pistol. Sånn i tilfelle det skulle bli behov for å skyte noko eller nokon.

Resten av familien har vore opptekne med ballett i dag òg.

4 kommentarer:

  1. Eg greier å orientere meg sånn nokonlunde utfrå bilda.Den badehølen såg herlig ut, men eg måtte vel hatt helikopter for å komme meg så høgt opp. Artig å utforske nye stader- og kjempeflott utsikt.

    SvarSlett
  2. Trygt å ha med væpna vakt:)
    Det ser ut som ein flott tur! Ha ei fin veke:)

    SvarSlett
  3. Så fine bilete. Forstår at de held på å utforske nye område. Du er heldig som får med deg borna ut på tur så ofte!

    SvarSlett
  4. Det høyrer med til historia at Storebror og eg måtte skifte på å bere Lillebror på ryggen opp dei brattaste kneikene. Kan anbefalast som kondistrening!

    SvarSlett