mandag 5. april 2010

Familiens sorte får?

I dag har vi vore ute det meste av dagen, mellom anna på triveleg nabobesøk. Hos naboane hadde dei fått eit flaskelam som har fått namnet Julie. Det er ein villsau, og det er visst vanleg blant slike dyr å avvise den eine i eit tvillingpar. Eldstejenta har hatt stor glede av både naboungane og sauen deira, men no har ho reist attende til hybeltilværet sitt i tettbygde strok. Det har vore usannsynleg kjekt å vere så mykje ilag med henne i ferien, og eg er glad for at vi skal møtast att allereie i morgon.

1 kommentar:

  1. Nydelig bilde av minst eitt sort får. April hadde vore eit meir høvelig namn-men Julie er no fint,då.

    SvarSlett