mandag 30. august 2010

Laurdagstur til Vigra og Giske


På Vigra finst ei turløype ein kan gå ut til nokre svaberg der ein har ei fantastisk utsikt utover havet og mot øyar i nærleiken. Dagen var litt skya, noko som faktisk gjorde utsikta ekstra spektakulær med den enorme horisonten. Eg vurderer å kjøpe meg ei vidvinkellinse til kameraet, for ein får ikkje fanga inn stemninga så godt utan.

På Giske finst ei mellomalderkyrkje, bygd på 1100-talet. Kyrkja var dessverre ikkje opa, men kyrkjegarden var òg spennande å sjå. Den overbygde gravsteinen er "skjønn Valborgs grav" - truleg ei fornem kvinne sidan ho vart gravlagd under dråpefallet til koret (Kjelde: heimeside)

 På Giske finn ein òg ei vakker badestrand, som på grunn av eit nærliggande fuglereservat stinka frykteleg ved fjøre sjø.

3 kommentarer:

  1. Vi var der ein snartur i fjor. Eg skulle absolutt hatt eit skikkelig kamera, men kvir mot å sette meg inn i meir teknologi. Fine bilde du har tatt.

    SvarSlett
  2. Takk for det! Eg slit litt med å få horisonten i vater, spesielt viss det er vind.

    SvarSlett
  3. Viss det blir gale, kan du få horisonten heilt perfekt ved å redigere bildet i Picasa.

    SvarSlett