fredag 27. august 2010

Mary Kay, you made my day

Torsdag kveld samla nokre supre damer seg hos meg for å vie ein kveld til eigenpleie. Ei barndomsvenninne kom for å instruere oss om hudpleie og fargeval, og vi hadde det veldig triveleg. Gamla vart sminka før gjestane kom, men det gløymde eg typisk nok å forevige. Berre tanken på å skulle bruke ein time til sminke er svært fjern for ei rastlaus sjel, men det er no kjekt å bli dulla med sånn cirka kvart tjuande år.

2 kommentarer:

  1. Ein kan no unne seg sjølv ein slik "sminkekveld" just for fun.Dei færraste sminkar seg vel ein time pr.dag? Eg har vore med på slikt ein gong, så det vart ei "just once in a lifetime" -oppleving. Ser at Ingeborg og venninna er der også.Kjekt at det blei vellykka.

    SvarSlett
  2. Ingeborg og TO venninner, faktisk. Dei overnatta hos meg i natt, så det vart ein skikkeleg jentekveld der Gamla køya først, stod opp først og sytte for at alle møtte på skulen 8.10.

    SvarSlett