søndag 20. februar 2011

Søndag: sol, ski og skrekkfilm

Sidan mykje av fredag og laurdag var via vinklubben, hadde eg eigentleg tenkt å bruke søndagen til skitur i solskinet. Barnefaren tok med ungane på Reset både laurdag og søndag - denne helga hadde han ikkje vakt, men tok seg spesielt av Minstemann, som ikkje er så van med å ta trekk. Etter litt akkedering med meg sjølv over frokostkaffien fann eg ut at eg ville bruke dagen til litt husarbeid og ein lang tur etter vegane med lydbok på øyret.

Ut på ettermiddagen kom gjengen att frå skibakken, svoltne og slitne, og då kunne Gamla by på restar frå vinklubben. Etter at alle tre hadde dusja og fått på reine klede, lokka Gamla med filmkos. Eg fekk nemleg pakke frå mine vener i CDON på fredag, og i den låg "Trolljegeren". Det er ein temmeleg spesiell film, noko inspirert av "Blair Witch Project", og med lokale innslag frå distriktet. Storegut hadde sett den før, men vi hine kosa oss. No håpar eg berre at filmen ikkje var altfor skummel for somme av oss, og at alle får sove trygt og godt til natta.

3 kommentarer:

  1. Restar frå vinklubben til ungane?
    Håper det var maten dei fekk?
    I morgon blir det "Pappa spesial" her. Lyt la han få lov å briljere litt av og til!

    SvarSlett
  2. ;-) Her har enkelte sett filmen på kino - og andre ikkje. Kanskje tanta får låne den?

    SvarSlett
  3. "Restar frå vinklubben" var sjølvsagt mat :-)Pappa spesial høyrest bra ut, men det hadde vel Mamma spsial også gjort, sjølv om eg då ikkje heilt hadde visst kva matrett det var snakk om. Tanta skal få låne film - filmen kan sikkert brukast i skulesamanheng òg.

    SvarSlett