søndag 27. mars 2011

Bok 19 2011: "Det tapte symbol" av Dan Brown

Har ein lese "Engler og Demoner" og "Da Vinci-koden", og likt dei, er dette ei bok ein bør lese. Problemet er at den er skriven etter same oppskrift. Skilnaden er at sjølve krimgåta vert løyst og avslutta medan det er ein god del att av boka, og at det eigentleg interessante er symbolbruken og arkitekturen i Washington DC. Boka må derfor vere langt meir interessant for amerikanske lesarar enn for norske, men den kan òg brukast til å lokke turistar til byen. Action-delen av boka er temmeleg føreseieleg og lite original viss ein har lese Dan Brown tidlegare, og boka har ein noko forvirrande komposisjon med hopping i tid og skifte av synsvinkel. Dette eignar seg dårleg når ein "les" lydbøker. 

2 kommentarer:

  1. Eg har lese (høyrt) denne boka også, og er enig i det du skriv. Etter at eg hadde lese den, fann eg diverse kart etc. på nettet som hadde vore gode å ha under lesinga. Reknar med at desse karta finst i papirversjonen. Sjølv er eg ikkje så begeistra for Dan Brown, men av dei bøkene eg har lese, likte eg best Engler og demoner.

    SvarSlett
  2. Den likte eg og. Denne har eg ikkje lese.

    SvarSlett