tirsdag 1. mars 2011

Tysdag (ikkje akkurat Kose-Tysdag denne veka)

I dag har eg vore flink og effektiv. Barnefaren og dei tre yngste for på Reset i dag òg, men eg syntest det vart for mykje vind og litt for ustadig til å gå nokon lang skitur. Det vart derfor ein tur på beina, etter vegen, innimellom all rettinga. Håpet er at viss eg gjer meg ferdig med "bunken" snart, blir det dobbelt så kjekt å ta ferie i helga. Men det tek vanvittig med tid å lese gjennom og rette skrivefeila i dei 2448 svara. Eg er litt over halvvegs...

2 kommentarer:

  1. Vi har arbeidd med "Slumdog Millionaire" i ein månad. Elevane har lese eit kapittel, svara på spørsmål til det dei har lese og diskutert svara i samla klasse. Som ekstra kontroll og motivasjon sa eg at eg ville ha inn arbeida deira og setje karakterar på dei: 136 svar frå 18 elevar. Lengste innlevering var på 28 sider, og "retterekord" vart 2 1/2 time på ei innlevering. Puh...

    SvarSlett