Langs den gamle postvegen over Brekka mellom Bjørkedalen og Harpefossen er det merka fleire turstiar. Måndag kveld gjekk turen innover frå om lag der fylkesgrensa er og innover mot i alt tre vatn. Grimeskarvatnet er lengst vekk, og dit er det om lag 1,6 km, med noko stigning på slutten. Det såg ut til å vere rikeleg med fisk i alle vatna.
|
Grimeskarvatnet |
|
Svartevatnet |
|
Langevatnet |
Nydelige bilde. Lenge sidan vi køyrde den vegen, trur vi hadde Nadja med oss. Desse vatna, er dei i Nordfjord eller på Sunnmøre?
SvarSlettElles er det ei ny lov om at barn under 16 år og pensjonistar(67+)har lov å fiske i statseigde vatn-utan fiskekort. Spørsmålet er berre: Kva for vatn er det Staten eig?
Det er truleg private vatn. Staten eig nasjonalparkar. Ein skulle tru ein kunne finne info på nett.
SvarSlettEg trur dei høyrer til Nordfjord, i alle fall gjer første del av stien det.
SvarSlett