Veslejenta har vore svært oppteken med ballett siste veka, og fredag og laurdag har det vore tre show med jazzballett. Mormor, morfar søsken og mor var ivrige publikummarar, og etter det siste showet feira vi overstått bursdag for Veslejenta med pizza på Rosa Bella i Ørsta. Det vil seie: gjestane tjuvstarta feiringa på grunn av akutt svolt.
Då vi kom heim, jaga vi ballerinaen i dusjen. Storebror stod vakt utanfor baddøra og spelte gitar, medan Eldstejenta og eg fylte og pynta ein ferdigkjøpt blautkakebotn i rekordfart, dekka bord og tende lys. Då Veslejenta var ferdig å dusje, stod dessutan storesøskena klar med ein nykomponert bursdagssong.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar