tirsdag 25. juni 2013

Oppgradering av oppkjørsla

Den mest originale og uventa bursdagsgåva mi i år var eit lass med grus. Torsdag fekk eg telefon frå ein kar som spurte om han kunne tippe av eit lass med grus nedst i oppkjørsla mi i staden for å ta det med heim til Vanylven. Eg takka sjølvsagt ja tvert, men gløymde å spørje om han visste at det var bursdagen min.

I dag har vi drenert nokre grøfter i oppkjørsla, lagt utover om lag halve lasset med grus og dessutan begynt på eit nytt prosjekt: å flekke av mose på berga nedanfor huset. Ikkje det at eg har tenkt å tørke klippfisk der, men eg er veldig glad i stein og har lyst å sjå om det blir fint. Lettstelt blir det i alle fall.

No står det mellom anna att å kjøpe ein ny kantklippar, så det kan bli litt mindre jungel i hagen. Det er for vått til å klippe plen no, men det kjennest godt å ha fått begynt på hagearbeidet. Det viser godt at Gamla har sensurert dei siste vekene!

6 kommentarer:

  1. Eg prøvde å flekke mose av eine berget ovafor huset, men slutta tvert, var redd at heile hagen vart stein. Hagearbeid er kjekt når ein har lyst, men tungt når ein ikkje har lyst. Der inne kunne blitt ein fabelaktig hage, men det krev (for mykje) arbeid.

    SvarSlett
  2. Eg skal ikkje legge opp til ein altfor strøken hage, det har eg ikkje tid og krefter til. Eg kunne godt ha hatt mykje berg i hagen, og supplert med krukker med blomar i.

    SvarSlett
  3. Hugs flo og fjære og månefasar når du flekkjer mose... Som når karane tek skjegget, veit du.

    SvarSlett
  4. Somme dyrkar mose både her og der fordi dei synest det er fint. Så her må ein velje mellom stein og mose. Eg er, som du, veldig glad i stein, gjerne våt!Korleis reglane er i høve til flo og fjære, veit eg ikkje.

    SvarSlett
  5. Nei, det om månefasane var nytt for meg, både om mose og skjegg :)

    SvarSlett
  6. Det meste skal ver gjerast på fløande sjø... Geraniumane skal klyppast ned på veksande måne i februar, iflg svigermor.

    SvarSlett