søndag 11. august 2013

Bok 52 2013: "Huset ved moskeen" av Kader Abdolah

Nokre bøker eignar seg dårlegare som lydbøker enn andre, og dette gjeld særleg bøker som ikkje er oppbygde som ei nokolunde samanhengande forteljing. Denne romanen er eit døme på ei slik bok, som eg truleg hadde fått meir ut av dersom eg las den i papirutgåva.

Handlinga er lagt til Iran, og som tittelen tilseier handlar den om menneska som bur i eit hus ved ein moské. I tillegg får ein eit innblikk i historia til landet, spesielt styrtinga av sjahen og det som skjedde i ettertid.

Eg er glad i bøker frå andre land og kulturar, men i dette tilfellet engasjerte det historiske faktastoffet meg meir enn resten av boka. Dette er ikkje noko nytt - eg sit ofte att med den kjensla, og kan ikkje berre skulde på bøkene når det skjer. Eg kunne uansett ha tenkt meg å lese boka ein gong til, i papirutgåve.

1 kommentar:

  1. Eg las denne boka for nokså lenge sidan, og tenkte som du at eg måtte lese den om att. Det har enno ikkje blitt.

    SvarSlett