søndag 25. august 2013

Bok 55 2013: "The Rise and Fall of Gøran Trovåg" av Gaute M Sortland

Det er skrive mange bøker om gutar i oppveksten, om gutar som vert opptekne av jenter og om gutar som spelar band. Dette er ei slik bok, og i tillegg fortel den litt om spritsal til mindreårige, foreldre med samlivsproblem og om å gå på trynet i hundeskit. Hovudpersonane er gutar i ungdomsskulealder, i ein norsk småby i samtida.

Boka til Sortland skil seg ikkje mykje ut frå tilsvarande bøker, men den er slett ikkje dårleg av den grunn. Fordi den er så kort, og fordi den er skriven på god nynorsk, tenkjer eg den kunne høve godt som lesestoff for ungdomsskuleelevar i og utanfor det nynorske kjerneområdet.

Sjølv fall eg pladask for tittelen - det seier seg sjølv.

2 kommentarer:

  1. Eg har boka liggande ved sida av stolen min. Kanskje eg like godt skal lese henne til niandeklassingane? Tittelen gjer det til eit øitt morosamt val?

    SvarSlett
  2. Det kan du trygt gjere! Den burde høve godt for den aldersgruppa, og der er lite banning eller pinlege scenar som kan skremme nokon.

    SvarSlett