søndag 8. desember 2013

Andre søndag i advent

Etter ei hektisk helg med julegåvehandel og heildagsprøveretting var det godt å setje seg ned med gløgg og nysteikt julebrød med brunost. Eg oppdaga igjen at det fine Flora-serviset som eg er så glad i, ikkje passar til juledukane. Elles var julestemninga på topp, og huset luktar av røykelse, grønsåpe og gjærbakst. Det er mogleg å få gjort litt anna medan ein rettar, og husarbeid er pausar det er lett å rettferdiggjere. Eg er no om lag ein halv heildagsprøvebunke frå å kunne ta retteferie, men no skjer det så mykje på kveldstid framover at det blir vanskeleg å få tid til slikt.

2 kommentarer:

  1. Eg har ikkje fått bunkane mine enno. Karakteroppgjeret er ikkje før etter jul. Så vi får sjå. Elles har eg då fått eit godt tips til gåve ;-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ikkje den mest subtile hintinga det der, kanskje...

      Slett