fredag 13. desember 2013

Ferdig med julestresset?

Seint torsdag kveld, etter at festen var slutt, sette eg meg til og retta dei siste tentamenane. Fredagen vart derfor temmeleg "chill" på jobb, og etterpå vart det cafébesøk og julegåvehandel. Ungane ville ha vårrullar til middag, så det vart enkel servering og middagskvil etterpå. Ungane rydda romma sine, og så pakka vi inn nokre av julegåvene før vi kosa oss med film og snacks til kvelds. Det er så herleg å vere ferdig med det verste julestresset, og så er det berre ei veke att til vi kan ta to veker rettfri ferie!

1 kommentar:

  1. Dette er vel det dei i ymse yrke kallar to veker på og to veker av, eller var detmeir, eller mindre? Flexitid? Lærarferie er i alle fall veldig bra så lenge ein har små/unge barn.

    SvarSlett