tirsdag 3. desember 2013

Romsdalen Norges Tyrol

Det er ikkje så ofte eg er på Åndalsnes - eg tok toget dit på slutten av åttitalet, og så trur eg vi køyrde Romsdalen ein gong på 90-talet då vi skulle austover. Måndag og tysdag var eg der på oppdrag som tillitsvald i Utdanningsforbundet, og det var eit særs lærerikt og godt kurs. Saker som var oppe til informasjon og diskusjon var blant anna forhandlingane om arbeidstid, som eg er svært oppteken av. Med alt det rettingsarbeidet eg har, verkar det totalt sprøtt å ville innføre kontortid for lærarar!

Hotellet hadde namnet "Bellevue", og då måtte eg ta bilete av utsikta...

2 kommentarer:

  1. Det er jammen lenge siden jeg tok toget ditt, takk for det fine bildet!

    SvarSlett
  2. Det er bra vi har engasjerte tillitsvalde!
    Vi køyrer " ofte" forbi Åndalsnes. Det vil seie det vert sjeldnare og skeldnare. Strynefjellet freistar når ein fer til Austlandet, i alle fall heim att. Leikeapparata i Trollveggen var svært populære. Men dei vart vel forbodne på eit visst tidspunkt ...

    SvarSlett