lørdag 2. august 2014

Hundegard byggetrinn 1

Ein veltalande journalist tok turen innom Felleskjøpet, der han gjorde eit gigantisk kupp. Eigentleg skulle vi berre bygge ein liten hundegard, men så fekk vi ein gigantisk til symbolsk pris, viss vi sjølve stod for demontering og vekkfrakting. Hundegarden har nokre små feil, men ikkje fleire enn at vi skal greie å trikse det til med litt hesjestreng og gaffateip. Journalisten demonterte heile greia aleine, og i dag begynte vi for fullt på prosjektet.

Først skulle vi setje opp stengene, for å sjå dimensjonane. Endeleg fekk eg bruk for mine skills som mangeårig campingturist! Etter noko intenst tankearbeid og logiske resonnement, i tillegg til aktiv bruk av overtalingsevner, fekk vi montert opp skjelettet, som måler heile 220 x 400 cm.

Neste punkt på planen var å setje skjelettet der hundegarden skal stå, og så begynte hjelparen min å fjerne grastorv med hakke og spade. Midtvegs i denne prosessen begynte det å regne, så då avslutta vi dagens dont.

Ironisk nok er det Charlie som er mest sliten etterpå, sjølv om han slett ikkje gjorde noko nytte for seg. Han lever i den trua at alt menneska gjer er ein leik med han, og både spade og hakke ser i hans auge ut som leiker. Slik leik kan fort bli farleg, og hundegarden dermed overflødig...



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar