fredag 1. august 2014

Bok 62 2014: "Og været skiftet og det ble sommer og så videre" av Pedro Carmona-Alvarez

Eit ungt par lever eit godt liv med karriere og to små døtrer. Så rasar heile verda deira saman då han mister jobben og jentene døyr i ei ulukke. Etter kvar får dei ei dotter til, og ho er ei av forteljarstemmene i denne såre boka. Eg har likt boka svært godt, sjølv om der var eit parti på midten som handla svært mykje om Bruce Springsteen og platene hans (fordi Springsteen blir eit bindeledd mellom faren og USA). Det er ei sår og trist bok som mest av alt syner konsekvensane sorg kan ha. Ein sympatiserer med Marita, den dottera som lever, men òg med foreldra. Faren er meir sympatisk enn mora, men begge er like stakkarslege.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar