fredag 1. august 2014

Casa Charlie

Sjølvtilliten min er mindre enn evnene - i alle fall når det gjeld praktisk arbeid. Eg er fullblods akademikar med finmotorikk som ein middels klomsete elefant i eit glasmagasin.

Men hunden må ha hundehus, og heldigvis finst det løysingar for hundeeigarar med ein snill G i forming frå ungdomsskulen. Firmaet som leverer heiter "Hund som hobby" - hadde det heitt "Snekring som hobby" ville eg nok ha lege tynt an. Finmotorikken min held heilt fint til å bestille varer på nett, og postdama leverte pakken på døra i går, berre nokre få dagar etter bestillinga. 

Huset vart fint det, og det står berre att å teite skruane (eg hadde gløymt at drillen min var kaputt) og gi huset eit ekstra strøk beis. Hunden er sjølvsagt totalt uinteressert i huset, men kassa og prosessen var kjempestas.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar