No har eg høyrt denne boka for andre gong, slik at eg skal ha den friskt i minne når eg får tak i bok nummer tre i trilogien. Eg håper det skjer ganske fort!
I denne andre boka om David, som har sett inn ein annonse i avisa for å få folk som kjenner til å skrive til han, blir vi blant andre kjende med eit par vener frå oppveksten og ei eldre kvinne på ein institusjon. Som i den første boka blir vi gradvis betre kjende med David, men minst like interessant er det å lese om livet til taterguten og den eldre kvinna, for å nemne noko. Mot slutten byggjer dessutan spenninga seg opp, og eg er frykteleg spent på korleis Tiller har avslutta denne meisterlege historia.
Eg har dei to første liggande på maskina.(Har lese dei for lenge sidan). Har planar om å lese alle tre når den siste er i hus. Eg likar ikkje at trilogiar kjem ut med fleire års mellomrom
SvarSlett