torsdag 25. september 2014

Bok 80 2014: "Innsirkling 3" av Carl Frode Tiller

No har eg endeleg fått lese den siste boka i trilogien til Tiller, men det er litt tidleg å seie om eg likte slutten eller ikkje. Eg treng truleg noko refleksjon og eventuelt diskusjon med andre før eg bestemmer meg.

Serien begynte med ein annonse om ein gut som har hatt hukommelsestap, og som ønskjer at folk som kjenner han skal skrive om han og sende det som brev til han. Både bok 1 og 2 handla om ulike menneske som skreiv brev til David, men som òg fortalde om eigne liv. Tredje bok begynner på same måte, men utviklar seg litt annleis. Eg skal ikkje røpe meir, men både den første og den andre boka inneheldt noko på slutten som overraska. Forventningane mine var skyhøge til avslutninga, men i bloggande stund kjenner eg at forventningane berre delvis vart innfridde.

Eg kjenner at eg har frykteleg lyst til å diskutere boka med nokon som har lese den, så det er berre å ta kontakt! Lese den bør de i alle fall, for dette er eit meisterverk av ein serie.

1 kommentar:

  1. Eg veit ikkje om eg er klar for å lese heille serien akkurat no, men eg har dei to første bøkene liggande på PC-en, så når nr.3 er på plass må eg vel ta opp kampen. Akkurat no føler eg for å lese lettare stoff, t.d. Anne B Ragde.

    SvarSlett