lørdag 20. september 2014

Den gamle postvegen

Laurdag morgon vakna eg og høyrde regnet hølje ned ute. Planen om å vekkje ungane og ta dei med på langtur i skog og mark vart dermed skrinlagd, og eg sette meg føre i godstolen med ei god bok og tenkte at det eigentleg var greitt med ein kviledag.

Då dei to yngste omsider vakna, foreslo den eine å gå tur på postvegen og den andre å fare på butikken og kjøpe laurdagsgodt. Vi vekte dermed den siste i flokken og for på tur alle saman. Storegut fekk lærekøyre til Eid, der vi mellom anna handla laurdagsgodt. Vidare køyrde vi til Harpefossen, der vi tok feil veg og fekk sett det meste av hyttefeltet før vi køyrde den rette vegen til Brekka, der vi gjekk på Postvegen i pøsande regn.

Det vi kjem til å hugse best frå turen, er då vi møtte på ein saueflokk og nokre folk som skulle sanke sauer. Vi snudde straks, men dei ropte etter oss at vi skulle gå ut av vegbana, noko vi gjorde. Vi gjekk ut på ei utkjørsle der det går ein sti bortover til nokre hytter, og eg tenkte at vi kanskje ville sperre for stien dersom nokre av dyra ville dit. Då sauene kom etter oss, sprang dei rett forbi oss og inn på den nemnde stien. Deretter kom den eine bonden og bante ned i oss for at vi ikkje hadde gått ut av vegen. Eg svara attende at det hadde vi faktisk gjort, og ho hadde ingenting med å banne ned i turgåarar på ein offentleg veg. Vi hadde faktisk ikkje gjort noko gale.

Den bannande bonden gjekk til skogs, men ho hadde med seg ei anna, som heldt fram på same viset. Eg forklarte korleis ting hang saman, og at det ikkje går an å fare slik langs vegane og banne og kjefte på folk som ikkje gjer noko gale. Eg bar til og med hunden, så han ikkje skulle skremme sauene! Det får vere grenser for dårleg folkeskikk. Bonde nummer ein forsvann, medan bonde nummer 2 og mannen i følgjebilen bad om unnskyldning og forklarte episoden ut frå at dei var så slitne og trøytte. Eg klarte å få inn kommentaren "det må no gå an å oppføre seg som siviliserte menneske sjølv om ein er bonde" før dei leita vidare etter sauene sine.

6 kommentarer:

  1. Og dette var vel nordfjordingar, går eg ut frå ? Forstår at det kan vere irriterande nok å prøve å få sauene på rett veg, men å banne og steike nedi folk som går tur, det er for grovt. Særlig når det var born med.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for støtta. Det var nordfjordingar, og vi gjekk på Sunnmørssida. Vi gjorde ingenting gale, og eg såg det som mi plikt å gjere dei merksame på at åtferda deira var urimeleg og vulgær. Ikkje minst fordi eg var der saman med ungane.

      Slett
  2. I vårt yrke er vi vane med å snakke skikkeleg til folk uansett kva dei gjer. Og det forventar eg faktisk av alle vaksne, vettige folk.
    Og det hadde eg gjort dei merkasame på, utan å røpe mitt eige yrke.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ein skal vere varsam med å opptre som lærar i fritida, men ingen har vondt av ei påminning om kva som er god folkeskikk.

      Slett