fredag 5. september 2014

Bok 76 2014: "Innsirkling" av Carl Frode Tiller

I og med at Tiller har kome med ei tredje og avsluttande bok i serien, fann eg det føremålsteneleg å lese om att dei to første. Eg les så mykje at eg ikkje hugsar alt like godt, og eg les så mykje halvdårleg litteratur at eg like godt kan lese gode bøker fleire gonger.

Utgangspunktet for "Innsirkling" er at ein mann har lagt ut ein annonse om at han har hukommelsestap og vil oppfordre alle som kjenner han til å skrve til han for at han skal få vite meir om seg sjølv. I den første boka møter vi ein ungdomsven som han har hatt eit seksuelt homofilt forhold til, stefaren og ei kvinne han var kjærast med i ungdomen. Desse fortel alle om sine eigne liv i notida, samtidig som dei fortel om tida dei har hatt saman med mannen i annonsen.

Eg sette stor pris på å lese boka ein gong til. Der er mange interessante tankar og hendingar, og den er lettlesen, men likevel ganske djup. No ser eg fram til å lese nummer to ein gong til, og så håpar eg at det ikkje går lenge før eg fåt tak i den siste boka i trilogien.

1 kommentar:

  1. Eg har dei to første liggande på PC-en, og når eg får nr. 3skal eg lese heile serien, dei to første for andre gong. Mi erfaring er at eg får meir utav bøkene når eg les dei for andre gong.

    SvarSlett