mandag 20. oktober 2014

Bok 85 2014: "Lyden av asfalt" av Yngve Kveine

Denne romanen kom ut 8. september 2014, og datoen var ikkje tilfeldig vald. Det var nemleg dagen då Jokke frå "Jokke og Valentinerne" skulle ha fylt 50 år, og han og tekstane hans har vore ei viktig inspirasjonskjelde for forfattaren. Ein finn utdrag frå songtekstane i romanen, og ein kan òg sjå noko av det same tankegodset i handlinga.

Kort fortalt er "Lyden av asfalt" ein oppvekstroman frå Oslomiljøet. Dette er verken noko nytt eller noko eineståande, men tidskoloritten er noko annleis enn den ein vanlegvis finn i den sjangeren. Forfattaren er fødd i 1978, og han skriv om si eiga samtid med barndom på 80-talet og ungdomstid på 90-talet. Han kallar sin eigen generasjon "ironigenerasjonen," og seier dei hadde så lite sjølvtillit at dei ikkje torde å utrette noko. Elles skriv han mykje om venskap mellom kompisar, om skilnader mellom Austkant og Vestkant, om det å vere ein raudhåra, kvisete og spinkel unggut, om forhold til kvinner og ein heil del om rus og vald.

Hovudpersonen les ein heil del litteratur og drøymer om å skrive sjølv. Dette er heller ikkje uvanleg i romanar. Ei av bøkene han les er "Sult" av Knut Hamsun, og ein kan sjå ein slags parallell mellom eg-personane i "Sult" og  "Lyden av asfalt".

Miljøet i boka er ukjent for meg, og eg vil derfor tru at boka er meir interessant for dei som kjenner byen betre. For oss andre vert det mange oppramsingar av namn på utestader vi aldri har oppsøkt og stader vi ikkje veit korleis dei ser ut.

Nokon Hamsun er Yngve Kveine ikkje, men eg likte  boka ganske godt. Den kunne til tider vere litt springande i tid og tematikk, men den var aldri keisam eller stilleståande. Ein blir godt kjend med hovudpersonen, og ein får mykje sympati for han, sjølv når han dummar seg skikkeleg ut. Kor mykje sjølvbiografisk stoff det er i romanen, anar eg ikkje. Eg er derfor spent på om det kjem fleire bøker frå forfattaren, eller om dette var den boka han "måtte" få ut.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar