
Boka tek føre seg opplevingane til blant andre faren til Art Spiegelman før og under den andre verdskrigen. Han veks opp som velståande jøde i Polen, giftar seg og får eit barn før krigen tek til. Vidare skjer det mykje vondt og vanskeleg i livet hans.
Jødane er teikna som mus, nazistane som kattar, amerikanarane som hundar, polakkane som griser og franskmennene som froskar. Teikningane er ganske enkle og dystre, og språket er korthogge og blotta for sentimentalitet. Sjangeren passar såleis forbausande godt til å formidle så vanskeleg stoff.
For dei som vil lese den på norsk, på nett, ligg den her: http://www.nb.no/nbsok/nb/429a0155114b2f50b451b431647ea859.nbdigital?lang=no#7
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar