torsdag 2. oktober 2014

Kveldstur til Mjeltvika

Eg går tur i Mjeltvika nesten kvar dag, men har sjeldan kamera med. I kveld skulle eg ta bilete av dei vakre haustfargane, men det vart for mørkt til at dei kom skikkeleg fram. Eg likar haust, men mislikar sterkt at det vert tidlegare og tidlegare mørkt ute. Det er ok med innesyslar, men eg synest dagen vert betre viss eg får gå meg ein tur ut.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar