lørdag 4. oktober 2014

Lang dags ferd mot natt

I dag var eg tidleg ferdig på jobb, så det vart tid til litt handling og husvask før Minstemann og eg køyrde Veslejenta til krysset der ho skulle vente på skyssen til konfirmasjonsleir. Vidare køyrde vi til Volda for å hente Storegut før vi plukka opp Eldstejenta på den lokale flyplassen. Undervegs fekk vi melding om at flyet hennar skulle lande i ålesund, og at dei skulle bli skyssa derifrå med buss. Vi vart sjølvsagt veldig skuffa, og enden på visa vart at Storegut fekk lærekøyre til ferjekaia der ho kom halvannan time etter at ho skulle ha landa. Ho kom dessutan tomhendt, sidan bagasjen ikkje hadde kome med flyet.

I bilen innover høyrde vi musikk, prata og kosa oss, og så stogga vi i Ørsta, der vi skulle møte mormora og morfaren og ete pizza. Dei hadde vore såpass synske at dei bestilte ein pizza før vi kom, noko vi sette stor pris på.

Vi måtte stoppe på ein daglegvarebutikk for å kjøpe nokre toalettsaker og liknande til ho som reiste utan bagasje, og så enda vi opp med å få så god tid på ferja at Storegut like godt lærekøyrde rundt Austefjorden òg. Dermed fekk Eldstejenta sjå paddestatuen "by night", så får vi heller ta oss ein skikkeleg photoshoot ein annan dag, i dagslys.

Det er fantastisk å ha henne heime att, og sjølvsagt gutane òg. Dessverre får eg ikkje ha dei så mykje samla alle fire, men det blir vel sjeldnare og sjeldnare uansett.


1 kommentar:

  1. Spektakulær paddeselfie-den beste hittil. (Våt padde i blitzlys !)

    SvarSlett