søndag 5. oktober 2014

Padda utan hasjtag

Laurdag starta vi dagen med røykalaks og eggerøre til ein svært sein og sakte frukost. Etter det vart det biltur til flyplassen for å hente bagasje, kombinert med ein liten butikkrunde og eit besøk til farmora og farfaren. Storegut fekk køyre heile turen, så her utnyttar vi alle høve til å vere effektive.

Det var nesten obligatorisk å stogge ved padda i Austefjorden, sidan Eldstejenta ikkje hadde sett den skikkeleg før. Tagginga er no heilt vekk, heldigvis - det var ei trist sak at nokon hadde skrive noko og teikna eit hasjblad på den populære padda.

Vel heime sette eg på ei panne med fårikål, før vi gjekk ut på tur med Charlie. Maten fekk passe seg sjølv så lenge. Det vart ein relativt sein middag, men den smakte fortreffeleg - spesielt fordi vi hadde greidd å opparbeide ein viss svolt etter åtte timar utan inntak av mat.


Kvelden har vi elles brukt til å kose oss med film og "Stjernekamp". Det er fint å vere saman.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar