onsdag 1. oktober 2014

Når livet ikkje vert dokumentert

Det har blitt lite blogging i det siste. Årsaka er først og fremst at eg nesten ikkje har tatt bilete. Dei bileta eg har tatt, har vore av personar som ikkje likar å bli lagde ut på nettet. Sånn sett er det veldig kjekt å ha hund, men det blir kanskje muligens nok hundebilete òg til slutt.

Uansett: sidan sist onsdag har eg vore på vinklubb, i familieselskap og på siste kurskveld i kvalpekurset som Veslejenta, Charlie og eg har delteke på. I tillegg har eg hatt nokolunde travle dagar på jobb, og eg har trassa storm og regn for å gå tur. Noko tid har eg òg brukt på lesing, film og andre favorittsyslar, meir eller mindre jobbrelatert.

I dag var planen å gå ut og ta bilete av haustfargane, men dagen vart mildt sagt grå. Det var opplett, men ikkje skikkeleg dagslys. Innan eg hadde kome meg ut på tur, begynte det å regne.

Veslejenta er på fotballkamp, men vi hine held oss heime i varmen og gjer diverse i huset. Eldstejenta kjem om to dagar, og rommet hennar må vere nokolunde presentabelt når ho kjem.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar